søndag 8. november 2009

Les ei god bok...

Dagane blir kortare - det er tid for stearinlys og ei god bok!
I norsktimane i dag skal de gå på biblioteket og låne ei bok. Gjerne på nynorsk. Er du usikker på kva for bok du vil låne, eller om du vil ha nokon gode lesetips bør du spørje bibliotekaren,Ruth. Ho er veldig flink til gi råd om bøker.
Når du har lånt ei bok du har lyst til å lese (ikkje teikneserie) les du minst 30 sider og skriv eit innlegg i bloggen din om boka du har valt. Innlegget bør innehalda fakta om boka (tittel, namn på forfatter mm), kva boka handlar om så langt, kva du synst, kva forventningar du har for vidare lesing osb. Blogginnlegget skal postleggast i løpet av dagen. Eg sjekkar!

Lykke til - og god bok:)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar