Mange av dykk har allereie kome godt i gang med lesinga. Nokon er allereie ferdige med boka de byrja med for to veker sidan. Det er veldig bra, og eg seier berre: Fortsett å les!
Planen er som følgjer: De forsett å lese og skrive innlegg på bloggen dykkar om boka, kva de synest er bra med boka, kva som er plottet, kva sjanger boka tilhøyrer osb. Når dei fleste er ferdige med boka skal vi lage ei tilrådingsliste der vi skal liste opp dei bøkene de har lese, med ei kort skildring og terningkast. Denne lista skal alle i klassen ha tilgang til, og kanskje få nokon gode tips. Denne lista skal ikkje bli ferdig før soleåret er omme, så alle bøkene de/ vi les skal inn på ho.
Korleis vi skal lage denne lista må vi snakke om. Skal han liggje på fronter, skal vi lage ei facebookgruppe, ein ny wiki, ein leseblogg, ein plakat... Forsøk å tenkje over kva de vil prøve på og kom med kommentarar!
Viser innlegg med etiketten bok. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten bok. Vis alle innlegg
mandag 23. november 2009
Abonner på:
Innlegg (Atom)